top of page

BLÅFLAT GARD

Litt om kulturminnet

– et utdrag frå Kulturminneplan for Etnedal 2019-2025

This is your About Page. It's a great opportunity to give a full background on who you are, what you do and what your website has to offer. Double click on the text box to start editing your content and make sure to add all the relevant details you want to share with site visitors.

1.jpg

Garden Blåflat ligg i Bruflat sentrum, der Den Bergenske Kongevegen kjem ned frå Fjellsbygda og berre hundre meter frå Bruflat kyrkje. I dag består tunet av to våningshus i to etasjar, eit stabbur og ein 30 meter lang driftsbygning. Bygningane ligg i eit tydeleg definert tun, og ein hage med bær-og prydbusker.

Namnet Blåflat skriv seg frå slutten av vikingtida, og er truleg sett saman av dei gamalnorske orda bru og flot som tyder bru og flate. Blåflat er den einaste garden i Etnedal som er registrert i diplommaterialet før Svartedauden. Etter Svartedauden vart garden ståande tom fram til på 1600-talet. Skrivemåten har endra seg opp i gjennom tidene. I 1317 var det Buarflat, på 1600-talet Blaaflatten, og Blåfladt, og i 1838 Bruflat. I dag blir garden kalla Blåflat, sjølv om han i matrikkelen heiter Bruflat Søndre.

Sjølve tettstaden med kommunesenter og kyrkje blir i dag av dei fleste kalla Bruflat.

1c.jpg
990A1866.jpg

I samband med at kongevegen mellom Christiania og Bergen vart ferdig på slutten av 1700-talet, vart Blåflat skysstasjon, truleg etablert omkring 1800. På den tida og fram til 1894 var Bruflat under Sør-Aurdal tinglag. I 1859 sa verten Johan Corneliussen opp stasjonen, og det vart laga ny avtale om å halde skysstasjon i Molandsveen. Der var det skysstasjon i berre eitt år, sidan det vart ny hovudveg over Tonsåsen. Tonsåssjåseen var ferdig tidleg i 1860-åra, og Gravadalen (seinare Tonsåsen Sanatorium) vart skysstasjon i 1861. Midt i 1870-åra vart det bygd ny skysstasjon, denne gongen i Sveen. Stasjonen var i bruk ut hundreåret.

1aa.jpg

Sjølv om skyssdrifta vart avvikla på Blåflat i 1860, tok dei imot overnattingsgjester på garden heilt fram til 1916. Det var lenge ein samlingsstad, mellom anna i samband med kyrkjetider og høgtider. Dei som hadde lang veg til kyrkja tok gjerne ein stopp innom Blåflat. Her opna også den fyrste landhandlaren i Etnedal, då Johan Corneliussen så tidleg som i 1838 fekk løyve til å drive handel.

BYGNINGANE PÅ BLÅFLAT

990A1797.jpg

Nerrebygningen (også kalla bakarbygningen) har spiss takvinkel og «kinavipp»,
og fekk seinare veranda i sveitserstil.

990A1773.jpg


Dei to våningshusa ligg med gavlveggen mot Kyrkjevegen, med portstolpar som markerer inngangen til tunet.

Det finst ulike opplysingar om byggetidspunkt for bygningane.

Ifølgje SEFRAK-registreringa er bygningen nærast vegkrysset, som blir kalla nerrebygningen eller bakarbygningen,

oppført på slutten av 1700-talet. Andre opplysningar kan tyde på at han vart oppført tidleg på 1800-talet.

990A1864.jpg

Øvrebygningen skal vera oppført tidleg
i 1840-åra, men fekk eit tilbygg
og ny fasade i 1905.

Riddersporre foto 200821(1).PNG

Måleri av A.F. Riddersparre frå 1885

990A1869-2.jpg

Gården, høsten 2021

Øvrebygningen har ei lafta tømmerkjerne,

som fekk nytt tilbygg med «storstugu» og dekorert fasade i samband med ombyggingane i 1905.
På tunet står også eit stabbur og ein låve, begge oppført under krigen etter at dei gamle uthusa brann

under kamphandlingane i 1940.

Blåflat var blant dei tidligaste skysstasjonane langs den bergenske kongevegen, og ein av dei som fungerte lengst. Hovudvegen mellom aust og vest gjekk i gjennom tunet. Blåflat, som er ein av dei eldste gardane i Etnedal, vart utgangspunktet for framveksten av tettstaden Bruflat, aller fyrst ved at kyrkja vart bygd på eigedomen. Tunet ligg der den bergenske kongevegen kjem ned frå Fjellsbygda og Tonsåsen, men her gjekk ferdsla mellom aust og vest også tidlegare. Vintervegen gjekk her, mens sommarleia gjekk via Leirskogen. Garden Blåflat har med andre ord spelt ei svært viktig rolle i Etnedal si historie, gjennom mange hundre år, og har vore ein sentral samlingsstad for både bygdefolk og gjennomreisande.

..................................................

Nå skal den igjen bli en plass for folk å møtes.

Blåflat Gard:
  • Facebook
  • Instagram
Blåflat gards vennelag:
  • Facebook

Stiftelsen Blåflat Gard, Kyrkjevegen 59, 2890 Etnedal

kultur - håndverk - utleie

© 2021 copyright Blåflat Gard - design Line Kay

bottom of page